Bergsøy Fotball Heimeside
Kontaktinformasjon Registrer deg her. Dermed blir du raskt klar til å kommentere andre sine nyheter. Om du vil ha tilgang til å skrive egne nyheter så kan du først registrere deg, og deretter be webmaster om å oppgradere deg til skribent. Logg inn



- Styrets side
Klubbens siste nyheter

- Cup-info sida Turneringsinformasjon

- Hovednyheter Webmaster og andre med nyheter.




      www.bergsoy.no
      www.heroynytt.no
      www.vikebladet.no
      www.smp.no









"The war on terror involves Saddam Hussein because of the nature of Saddam Hussein, the history of Saddam Hussein, and his willingness to terrorize himself."
(George Bush)




      Aafk FK
      Bergsøy 92
      Blindheim
      Brattvåg
      Godøy
      Gursken
      Ha/No FK
      Hareid
      Hovdebygda
      Hødd IL
      Norborg
      Rollon
      Skarbøvik IL
      Spjelkavik
      Stordal
      Stranda
      Sunnylven
      Sykkylven
      Valder
      Vartdal
      Vigra
      Volda
      Voldasupporter
      Ørskog
      Ørsta
      Åram/Vankam













Turneringsinformasjon:
Cupinfo-sida



Havyard Cup

Havyard Cup 2009 vart gjennomført på ein flott måte og mange takka vere ein god og positiv innsats frå både barn og foresatte.


I desse dagar vert det overført kr 2.500,- til dei ulike årsklassene/laga som deltok i arrangementet



P>Det gjeld:


Gutter 1995, 1996, 1997, 1998, 1999, 2000, 2001 og 2002 og


Jenter 1995, 1996, 1997/1998, 1999 og 2000/2001.
NB ! Pengane er sett inn på laga sin konto i sponsorbanken Sparebank 1 Fosnavåg.


Tusen takk til alle som var med å gjere Havyard Cup 2009 til ein suksess både sportsleg og økonomisk.



29 Oct 2009 av Geir Egil Olsen

Attgløymde saker

Etter Årets Havyard Cup ligg her att ein del utstyr, dette kan hentast på brakka ved stadion.


LISTE OVER ATTGLØYMDE KLEDE OG UTSTYR ETTER HAVYARD CUP 2009


Ryggsekk, Mrk. Tine, med 1 par kvite tøysko.


 Raud "Allvers jakke", Mrk. The Nort Face.


-          Bergsøy Windbreaker – merka med namnet MIRIAM


-           Svart/Grå Keeperdrakt


-          Bergsøy gensar – str. 170


-          Raud Adidas jakke – str. 140


-          Svart Diadora jakke – merka med namnet MARIUS


-          Svart Umbro jakke – str. XS


-          Diadora Fotball + Blå Umbro keeperhanskar (i same nett)


-          Grå Nike hettegensar – str. 10-12 år


-          Rolls Royce hue + fotballsko - str. 31 (i same nett)


-          Raude/Grå Diadora keeperhanskar


-          Små Diadora keeperhanskar “Roma”


-          Svart treningsjakke – merka med namnet ERLEND SKEIDE


-          Norheim ulltrøye, svart -  str. 12 år


-          Marine Harvest Cap, svart


-          1 liten leggbeskytta


 


 


 


 


 


 


 


 


R

14 Jun 2009 av Mathias

Takk!

DET VISER AT VI KAN.


Takk til alle. Dette viser nok ein gong at vi kan berre vi tek sjangsen på å prøve. Havyard Cup vart vendepunktet i Bergsøy fotballen med oppstarten av Havyard Cup i 2008. Ein ny giv kom inn, ein giv som har fortsett på ein positiv måte. Havyard Cup 2009 har bevist dette, identiteten er tilbake i Bergsøyfotballen. Vakkert å sjå Bergsøyfargane kome så klart fram som det dei gjer no.


Arrangørstaben har nok ein gong gjort ein glimrande jobb. Personar har teke ansvar på ein måte som er ubeskriveleg. Uansett arbeidsfelt så har det ikkje vore noko problem, har det vore opptrinn til noko så har det vore løyst der og då.


I dag så avvikla vi 159 kampar frå kl. 10.00 til kl. 18.30, eg skal ikkje gå ut å takke nokon spesiell gruppe for arbeidet. Alle sto på og gjorde ein framifrå innsats. Utan dette fellesløftet så hadde ikkje Havyard Cup blitt den suksessen som det vart. Takk til oss alle.


 


Mathias


 

13 Jun 2009 av Mathias

Kvelden før dagen

NO ER DET SNART AVSPARK.


Då skulle alt vera klart til avspark i morgon kl. 10.00. Årets største dag i Bergsøy Fotball ligg framfor oss, ein dag vi har sett fram mot lenge. Vi trudde vi hadde så god tid men så er dagen der. Det betryggande i ein slik situasjon er at vi har så mange som engasjerer seg og tek ansvar. Det er ein leik å vera på stadionområdet kvelden før å kunne konstatere at alt fungerar. Dei som har tatt på seg oppgåver tek desse fullt ut, utan slike hadde vi ikkje fått til eit slikt storstilt arrangement som det Havyard cup er i ferd med å verta.


Vi reknar med at omlag 850 aktive fotballspelarar inntek banene på Bergsøy stadion i morgon. I tillegg kjem her uttallige lagleiarar, foreldre, slekt og publikum forøvrig. Eg trur ikkje det er usansynleg at bortimot 2500 kjem til å vera innom banene i morgon. Eg gler meg.


Havyard Cup syner at også i Bergsøy IL - Fotball går det å få til slike større arrangement. Vi har snakka om det i mange år, no har vi bevist at det går. Kunstgrasbana er nok avgjerande i denne situasjon, utan den hadde vi nok ikkje hatt eit så stort cuparrangement på plass. Då hadde vi fortsatt hatt grus mellom tenner etter sandfòket som var både i Huldal og på Heid og ingen ville tatt på seg å prøve å få til eit slikt arrangement. Eg vil rette ei takk til dei som sto føre å få bygt kunstgrasbana og utretteleg kjempa for det dei trudde på. 


Eg gler meg til morgondagen og det veit eg at alle i arrangørklubben gjer. Eit sosialt samvær med munterheit og glede strålar ut mellom dei som har tatt på seg oppgåver for å få dette i havn. Dette har ikkje vore slit og kav, dette har ikkje vore noko vi har fått tredd nedover "haudet" og gjer med motvilje. Dagen er der folkens, VEL MØTT.

12 Jun 2009 av Mathias

Dommaroppsett Havyard-Cup

Dommaroppsettet til den komande Havyard-Cup er no på plass.
Oppsettet finner du i Exel-format på denne linken:

Dommaroppsett Havyard Cup
11 Jun 2009 av WebM

Utsendt kampoppsett for Havyard Cup 2009.

Kampoppsettet er no utsendt til dei som står som ansvarlege lagleiarar for påmelde lag til Havyard Cup 2009.


Dersom det er nokon av dei påmelde laga som meinar dei ikkje har fått oppsettet kontakt meg på mailadresse petias@online.no.


Alle laga skal ha minst 3 kampar. Ein del kan ha fått 4, dette for at vi skal få det til å gå opp i grupper med oddetal. Finn du uregelmessigheiter i oppsettet så gi meg ei beskjed så ser vi på det.


 

07 Jun 2009 av Mathias

93 lag og 165 kampar under Havyard Cup 2009

Når kampprogrammet no på det næraste er klar til utsending til laga er det klart at det vert ein innhaldsrik fotballdag neste laurdag når Havyard cup vert sparka i gong. Ikkje mindre enn 93 lag skal spele tilsaman 165 kampar denne dagen.  I alt 8 baner vert tatt i bruk for å avvikle desse kampane, 5 stk. 5ar baner og 3 stk. sjuarbaner. Med 93 lag i aksjon så er nok dette metningspunktet for å klare å avvikle på ein dag då både kunstgrasbana og grasbana så å sei er fullt belagt.


Arrangøren hadde eit møte torsdag og gjekk gjennom opplegget og det virkar som dei ansvarlege på alle felt har full kontroll. For å betjene spelarar og publikum så vert det satt opp 5 telt til servering, grilling inngår sjølvsagt i dette.


Vi kjem attende til meir detaljer om kampar og rammene rundt over helga, men folkens vi gler oss alle til dagen og gledene dei omlag 850 fotballspelarane vil legge att på Bergsøy stadion laurdag den 13. juni.

06 Jun 2009 av Mathias

Havyard Cup 2009

91 PÅMELDT TIL ÅRETS CUP.


Når fristen for påmelding av lag til årets Havyard Cup gjekk ut var totalt 91 lag påmeldt. Dette er over dobbelt så mange lag som dei som deltok i fjor. Arrangøren har no knapt 3 veker til disposisjon for å få på plass alle detaljer for at dette skal verta eit prikkfritt arrangement.


Av dei 91 laga så er det 26 jentelag som er påmeldt. Dette er ein auke av den samla andelen på vel 5 %, altså ein fin framgong for jentefotballen. Vi har plass til fleire jentelag. Er det jentelag som fortsatt vil vera med så er det berre å ta kontakt dei fyrste dagane på mailadresse petias@online.no.


 

25 May 2009 av Mathias

Stor interesse for Havyard Cup

STOR PÅMELDING TIL ÅRETS CUP.


Det er registrert god påmelding til årets Havyard Cup som går av stabelen på kunstgrasbana og grasbana til Bergsøy 13. - 14. juni i år. To og ei halv veke før påmeldingsfristen går ut har heile 54 lag meldt seg på, dette fordelar seg med 35 lag i gutteklassene og 19 lag i jenteklassene. I den fyrste utgåva av Havyard Cup som vart arrangert i fjor deltok 42 lag så alt no har vi langt fleire lag påmeldt.


Lag som deltok i fjor var m.a. Aksla som då var her med 2 lag. I år stiller dei med heile 6 lag etter at dei likte seg svært godt på fjorårets cup då dei i øsande regnver overnatta i telt på campingen i Leinevika.


Havyard Cup skiltar med gratis påmelding for laga og er på ein måte unik i denne samanheng. Arrangementsforma som vi gjennomførte i fjor har vi fått svært mange positive tilbakemeldingar på og vi vil køyre same konseptet i år og vidareutvikle dette. Arrangementet er eit tilbod til jenter og guttter frå 14 år og ned til dei yngste på 7 år.


Lag som ikkje alt har meldt seg på, men ynskjer å delta, bør gjera dette snarast, påmelding skal sendast til petias@online.no. Ynskjer du meir opplysningar kan kontakt også gjerast på telefon 90 92 33 13.


Arrangøren, Bergsøy IL - Fotball, gler seg til ei fotballhelg med mykje fotballglede.


 

06 May 2009 av Mathias

Havyard-CUP
Informasjon (PDF-dokument) og påmeldingsskjema (word-dokument) om Havyardcup finnast her :
(Trykk på bilda under)




21 Apr 2009 av WebM