Viktig 2-1 siger
MålaTre fine mål på Stadion. SpenningaViktig å hale inn poenga UnderholdningSpenninga var underholdninga. TotaltIngen stor kamo, men viktig siger. |
: Gustav Pettersen, Steffen Kvalsund
: Jonny Leikanger, Martin Molnberg
: Jonny Leikanger
77 tilskuarar
: Torbjørn Krøvel, 
: Egzon Abazi
: 3; Egzon Abazi, 1; Jonny Leikanger
:
: Endel smellar, men det gjekk bra.
Fredag den 11.august 2006 på Bergsøy Stadion.
Pre-match omtale.
Bergsøy hadde vore igjennom en tøff første del av sesongen med 8 tap og berre en siger. Det var derfor svært viktig å kome godt igang etter sommarpausa for å få tilbake
litt sjølvtillit inn i laget. Treningsleir til Sverige og Norway Cup for juniorane var ei fin oppladning, mens også laget blei forsterka med tilbakekomsten av
Martin Molnberg til denne kampen. Vegard Sævik er regna å være klar til neste kamp, men kunne ikkje spele denne ettersom overgangspapira ikkje var i orden.
Langevåg på si side kjempar i den andre delen av tabellen, og har sett lite av den motgongen Bergsøy har slete med. Ei forsterkning av midtbanespelaren Tryggestad var også noko som gjorde Langevågarane optimistiske på poeng.
Med siger kunne Bergsøy gå forbi Rollon på tabellen, og også kome heilt i ryggen på Valder.
Den første omgangen.
Sola forsvann nok litt til kampstart, mens bana nok var litt blaut tiltross for det fine været i det siste. Spelarane ville nok merke etterkvart at bana sugde kreftene ut av beina på dei,
men med krefter eller uten krefter så var dette en kamp Bergsøy burde vinne. Kampen var såvidt starta (8-9 minutt) med et lite Langevågovertak idet Martin Molnberg var i duell i Bergsøytrøya for første gang på nokre år.
Langevågspelaren Svein Rune Vedlog landa forkjært og braut handa, mens Martin fekk frisparket. Dermed var kampen over for en av Langevåg sine spelarar nesten før kampen hadde starta, og fleire nedturar for bortelaget skulle kome etterkvart.
Det var lite målsjansar å snakke om denne kampen, og det blei som oftast berre nesten at sjansane var nære. Men det blei nok meir å snakke om etter kampen då dommaren valgte å utvise Langevåg sin rutinerte Knut Pettersen etter 26 minutt.
Martin Molnberg var involvert også her, og ropte "au" etter duellen i feltet. Dommaren meinte han såg Knut Pettersen slå Martin i bakhodet, og hadde dermed ikkje anna valg enn å vise fram det raude kortet.

(Bildet: Martin Molnberg var tilbake i Bergsøydrakta og gjorde et solidt intrykk. Martin fekk et gult kort, mens to av dei andre tøffe duellane Martin var involvert i endte med et håndbrudd og et rødt kort til Langevåg.)

(Bildet: Dommaren kom i fokus, og spessielt Langevåg sin trenar viste sin misnøye med dommaren sin dømming utover i kampen.)
-"Kommentar ikkje notert - kjem seinare."
(Bergsøytrenar Svein Haukås.)
Den andre omgangen.
Sjølv om Bergsøy var en mann meir så var Langevåg godt med etter sidebytte. Dei pressa høgt og stressa Bergsøy godt, men likevel hadde heimelaget en god kontroll.
Bergsøy var nærmast å øke ledelsen i starten av omgangen, og Steffen Kvalsund hadde både et skudd med høgrefoten som gjekk rett på mål samt et med venstrefoten som gjekk langt over.
Større sjansar var det ikkje før Langevåg skulle få si utligning i det 60 speleminuttet. Eller rettare sagt, stor sjanse var det egentlig ikkje som blei scåra på heller idet
Kristian Molvær får stussa frisparket vidare inn i nettet. En sterk prestasjon var det riktignok, og ballen fekk den perfekte buen utanfor Toni Sandanger si rekkevidde.
Så var spørsmålet da om Bergsøy kunne klare å kome tilbake frå denne skuffelsen, eller om Langevåg overraskande skulle klare å snu det som såg ut til å være ei umulig oppgåve.
Preben Hestad hadde et farlig skudd mot mål, og dette strauk utsida av den venstre stolpen til Langevåg sin keeper. Steffen Moltu var ennå nærmare idet han faktisk greide å treffe stolpen på sitt lure skudd.
Kampen var fortsatt relativt sjansefattig idet begge lag håpte på å få det viktige tredjemålet i kampen, men det var Bergsøy som fekk noko å juble for da 69 minutt hadde passert.
Et innlegg frå høgre gjekk såvidt over en duell inne i feltet, og bak sto Steffen Kvalsund klar til å svinge foten. Volleyskuddet gjekk hardt og høgt oppe på den venstre stolpen før ballen endte i nettet, og dermed var Bergsøy igjen det førande laget.

(Bildet: Steffen Kvalsund har dunka ballen imål via stanga, og jubelen over 2-1 målet følgte deretter.)
Ei slags oppsummering.
Utanom det som har blitt nemnt så kom Andre Lima inn og tok en frekk tunell oppe i angrep, mens også Børge Remøy og Daniel Hatløy kom inn i løpet av 2.omgang.
Det som til tider såg litt rart ut var at Bergsøy hang oppe med 4 mann i angrep, noko som skulle være unødvendig når en ledar med 2-1 rett før slutt.
Det viktigaste uansett var å hale iland sigeren, og med Rollon sitt 1-0 tap mot Ålesund så er Bergsøy en plass lengre oppe på tabellen.
Neste kamp er mot Skarbøvik på bortebane, og da må en nok regne med at Jonny Leikanger må sone. Til den kampen er nok både Mons Arne Kvalsvik
og Vegard Sævik tilbake.
Når det gjeld spelarprestasjonane denne gangen så var det ganske jamnt, og alle har trulig også meir å gå på.
Jonny og Egzon viste seg fram hakket meir enn dei andre spelarane, mens også Martin gjorde et solidt inntrykk i sin returkamp.

(Bildet: Etter kampen var det berre glede å spore blant spelarane og trenar, sjølv om Børge Remøy nok lurte litt på kvifor Steffen Moltu ikkje sentra ballen heilt mot slutten av kampen.
| Spillere |
| Spiller | Posisjon | Terning | Mål | |
| Toni Sandanger | Keeper |
![]() | - | |
| Martin Molnberg | Høgre Back |
![]() | - | |
| Arve Leine | Midtstopper |
![]() | - | |
| Terje Teige | Midtstopper |
![]() | - | |
| Egzon Abazi | Venstre Back |
![]() | - | |
| Kjetil Paulsen | Høgre Ving |
![]() | - | |
| Steffen Moltu | Sentral Midtbane |
![]() | - | |
| Jonny Leikanger | Sentral Midtbane |
![]() | - | |
| Steffen Kvalsund | Venstre Ving |
![]() |
![]() | |
| Gustav Pettersen | Angripar |
![]() |
![]() | |
| Preben Hestad | Angripar |
![]() | - | |
| Bytter |
| Spiller | Av banen | Spiller | På banen | |
| Gustav Pettersen |
| Daniel Hatløy |
| |
| Steffen Kvalsund |
| Andre Lima |
| |
| Preben Hestad |
| Børge Remøy |
|



"I know this is a sad occasion but I think that Dixie would be amazed to know that even in death he could draw a bigger crowd than Everton can on a Saturday Afternoon."




Spenninga
Underholdning



















