Det rakna på slutten
MålaEtt bra, 2 negative. SpenningaVille Bergsøy halde ut? UnderholdningMiddels kamp. TotaltDet ville seg ikkje.. |
: Steffen Kvalsund
: Vegard Sævik, Terje Teige
:
90 tilskuarar
: Jan Erik Bratteberg, 
: Jonny Leikanger
: 3; Jonny Leikanger, 2; Henrik Hole Oksnes, 1; Kjetil Paulsen
: Håvard Remøy
: Steffen ut med lårhøne/krampe
Fredag den 25.august 2006 på Bergsøy Stadion.
Pre-match omtale.
Bunnoppgjer på Bergsøy Stadion der bortelaget hadde et poengs forsprang og en kamp å gå på. Med siger ville Bergsøy gjere det litt lettare for seg, men med tap ville laget
være ute og kjøre. Arve Leine ville være ute med skade, mens Børge Remøy var reist på sjø. Foran kampen var det også diskusjonar om Frank Sverre Skorpen sin mulige retur til moderklubben,
men dette blei avslått av et Spjelkaviklag i spelarmangel. Valder på si side hadde vore endel i media i det siste grunna sjukdom, og det at dei måtte avlyse sist helgs kamp.
Den første omgangen.
Bergsøy starta litt nølande, noko som desverre har vore en tendens i dei siste kampane både heime og borte. Sjølv om det var Valder som opna
med å være mest på Bergsøy sin banehalvdel så var det likevel sjeldan store farlighete. Bortelaget sin taktikk verka å være mest ballar i bakrom, samt høge ballar ved innkast.
Bergsøy sine forsvararar var for dagen både hurtige og gode i lufta, så Valder fekk ikkje kome fri slik dei ønskte. Likevel var det nok fleire som trudde at Valder sin
farlige spiss Tom-Gøran Jønsson nok engang skulle øydelegge for BIL, men Jønsson sto i offside då han trilla ballen inn i det opna buret midtveis i omgangen.

(Bildet: Tom Gøran Jonsson sto i offside då han trilla ballen imål...)
-"Eit surt tap. Følte vi hadde sigeren inne. Så sprakk det på slutten. Når vi ikkje sett sjansane våre så frykta eg det kunne gå slik. Urettferdig å tape denne kampen."
(Bergsøytrenar Svein Haukås etter kampen.)
Så skulle Bergsøy likevel få seg et mål, men en kan nok ikkje seie at målet kom etter et planlagt angrep. Steffen Kvalsund prøvde seg på venstrekanten, men såg ut til å tape løpsduellen mot en Valderforsvarar. Steffen klarte derimot likevel å blokkere klareringa, og fekk så fri bane innover mot 16meteren. Avsluttninga var presis då han såg keeper stå litt på halvdistanse, og lobben gjekk inn heilt oppe ved motsatt kryss. Bergsøy hadde ei god periode, og fekk det muligens også litt lettare då toppspissen Tom Gøran måtte gi seg med strekk like før pause. Valder skapte likevel nokre småfarlige sjansar, og Martin Molnberg måtte trå til med ei susande tackling for å avverge et farlig skuddforsøk. Den kontringa starta av ei dårlig pasning frå Bergsøy si side, men Martin si tackling gjorde at Valder måtte nøye seg med en corner. Somregel vann Bergsøy i lufta då cornerane kom.

(Bildet: Steffen Kvalsund lykkast ikkje med alt han forsøkte seg på, men fekk seg et mål igjen.)
-"Det var nok kanskje ett av dei frekkaste måla eg har scora på A-nivå."
(Steffen Kvalsund hadde tru på å bli matchvinnar for andre heimekamp på rad.)
Den andre omgangen.
Det skulle være litt meir fart over den andre omgangen, og Bergsøy tok kommando frå avspark. Ei rask kontring med pasning frå Gustav Pettersen i retning Jonny Leikanger skapte en stor sjanse til heimelaget,
men avsluttninga endte i stolpen. Returen frå stolpen endte sjølvsagt til nokre Valderbein. Gustav Pettersen skulle få prøve seg på ei avsluttning også han, men skotet endte desverre tverrleggar ut.

(Bildet: Preben Hestad hadde en av fleire gode BIL-sjansar i starten av den 2.omgangen.)
Et anna raskt angrep skulle gi nok en mulighet til heimelaget då en ball frå kanten nådde Preben Hestad foran mål, men skuddet til Hestad gjekk desverre rett i klypene til keeper. Bergsøy var klart best i første halvdel av omgangen, og hadde nok fortjent å få seg ett mål til. Etter 70 minutter måtte så Bergsøy gjere et dobbeltbytte. Steffen Kvalsund fekk ei lårhøne midtveis i den første omgangen og ut i den andre omgangen utvikla det seg krampe, mens Preben Hestad hadde vore litt sjuk i det og merka også han at det var best å forlate bana til fordel for friskare bein.
-"Eg er kjempeglad. Mykje har gått imot oss med sjukdom og skadar i det siste. Denne sigeren varma virkelig."
(Valdertrenar Roar Blindheim.)

(Bildet: Jonny Leikanger var spelaren som sprang mest og ville mest på Bergsøy denne kampen.)

(Bildet: Her stikker Valder av med sigeren idet Henrik Oksnes putter på til 1-2.)
Ei slags oppsummering.
Det var en utrulig viktig kamp, en bunnkamp som ville ha mykje å bety for Bergsøy sin plassering på tabellen. Slike kampar har Bergsøy hatt nokre av dei siste sesongane, men dette må regnast
å være den fyrste gongen det har blitt tap i en slik kamp dei siste 5 åra. Med presset på seg så har Bergsøy klart å ta dei viktige poenga før, spørsmålet er om Bergsøy no kan klare å gjere det igjen.
Valder heime var på papiret den kanskje "enklaste" av dei gjennværande kampane, men laget klarte ikkje å hente poenga. Dette betyr at BIL må ta seg kraftig sammen om en skal klare å innhente Valder på tabellen.
Om ikkje det skjer så må BIL ha hjelp av Skarbøvik. Men faren er der også at Bergsøy kan rykke rett ned uansett, for Rollon har ikkje tenkt å gi opp dei heller.
Bergsøy klarte ikkje å slå Rollon på heimebane, men bør helst klare det på bortebane for å halde dei bak seg på tabellen.

(Bildet: Det var ikkje Bergsøy sin tur å juble denne gangen heller..)
Bergsøy skal no ut i to tøffe bortekampar, først Ørsta og deretter Volda. Det seier seg sjølv at BIL helst bør starte å ta poeng snarast mulig om ikkje en skal ta turen til 4.divisjon. Akkurat no ser det ut til at togbiletten til 4.divisjon er på vei i posten, men laget har ennå sjansen til å hindre at posten skal nå fram.. (?)
| Spillere |
| Spiller | Posisjon | Terning | Mål | |
| Toni Sandanger | Keeper |
![]() | - | |
| Vegard Sævik | Høgre Back |
![]() | - | |
| Martin Molnberg | Midtstopper |
![]() | - | |
| Terje Teige | Midtstopper |
![]() | - | |
| Jørn Kvalsvik | Venstre Back |
![]() | - | |
| Steffen Moltu | Høgre Ving |
![]() | - | |
| Kjetil Paulsen | Sentral Midtbane |
![]() | - | |
| Jonny Leikanger | Sentral Midtbane |
![]() | - | |
| Steffen Kvalsund | Venstre midtbane |
![]() | - | |
| Gustav Pettersen | Angripar |
![]() | - | |
| Preben Hestad | Angripar |
![]() | - | |
| Bytter |
| Spiller | Av banen | Spiller | På banen | |
| Steffen Kvalsund |
| Håvard Remøy |
| |
| Preben Hestad |
| Daniel Hatløy |
|



"Don't touch those! Don't you ever touch my balls without asking!"


















