Sendt til bunns
MålaFint mål av Bergsøy. SpenningaKorleis skulle dette ende? UnderholdningKriging, og spenning. TotaltNok en kollaps.. |
: Gustav Pettersen
: Toni Sandanger, Gustav Pettersen
:
xx tilskuarar
: Jan Lund, 
:
: 2; Preben Hestad
:
:
Fredag den 1.september 2006 på Ørsta Stadion.
Pre-match omtale.
Bergsøy hadde gått på et pinlig heimetap i sist kamp, mens Ørsta hadde slått Volda. Bergsøy slit med å vinne tette og jamne kampar, og har
ofte mista poeng dei siste 10 minutta av kampane. Ørsta var storfavoritt til denne kampen, men Bergsøy i sin tabellposisjon var forventa å kjempe som løver for å klamre seg til poeng.
Den første omgangen.
Grasbana var fin, været var fint, og Bergsøy var bestemte på at det no måtte kjempast.
Bergsøy kom også godt igang, og Ørsta virka usikre og nølande. Heimelaget hadde god tru på egne spelande ferdigheter, men
blei til tider så sjølvsikre at dette skapte nokre gode muligheter for Bergsøy. I starten var det også antydning til litt surmulig blant Ørsta sine spelarar, noko
Bergsøy må ha ære for i innleiinga. Men mål blei det ikkje, sjansane endte stort sett i cornerar. I lufta var Ørsta et hakk kvassare enn Bergsøy, der spessielt en spelar utmerka seg som
en konge i luftduellane. På grunn av høgdeforskjella blei det tidlig klart at Toni Sandanger ikkje skulle sende utspela i retning den sentrale midtbana.

(Bildet: Jørn Kvalsvik gjorde nok en god kamp på venstrebacken.)
Så over til det Ørsta presterte. Det tok ei stund før heimelaget skulle vise seg frå den farlige sida, men med en lynkjapp venstreving så måtte en passe på kontringar imot. Etpar gode tacklingar og blokkar av Steffen Moltu midtveis i omgangen redda trulig et mål imot. Så skal det også seiast at heimelaget hadde den klaraste målsjansen i omgangen, og det etter en noe survette opptreden av Bergsøy i forsvaret. Ballen fekk passere forsvaret, og kommunikasjonssvikten gjorde at den blei snappa opp av en Ørstaspelar på løp. Berre ei upresis avsluttning gjorde at ballen skulle gå på utsida av stolpen. Ellers var heimelaget sterke i lufta, noko som gjorde at døballar og innkast virka farlig stort sett kvar gong. Et forsøk frå distanse, samt en totalbom på bakerste stolpe kan også nemnast. Den første omgangen var positiv for Bergsøy sin del. Ørsta fekk ikkje lov til å skape så mange sjansane, og Bergsøy kunne fort hatt seg et mål i pluss inn i garderoba.

(Bildet: Kjetil Paulsen i en duell på midten.)
Den andre omgangen.
Det var Ørsta som kanskje starta friskast etter pause, men Bergsøy hadde fortsatt god kontroll bakover. Med litt meir presise kontringar frå Bergsøy si side så kunne
det nok også blitt skapt fleire skumle sjansar frammover. BIL hadde derimot ikkje så mange sjansane, men det kan vi heller ikkje seie at Ørsta hadde.
Etter endel minutt med jamnt spel så skjer det raskt: Ørsta pelmar en ball frammover i retning en spelar på løp. Tilslutt får Ørstingen som mottok ballen lagt ballen inn i BIL sitt målfelt, og på bakerste stolpe har
Hallgeir Aam få problem med å sette ballen inn i nota. Det skjer raskt i fotball, gjerne uten forvarsel. Men Bergsøy gav ikkje opp og fortsatte med samme gode jobbinga som elles i kampen, og etterkvart skulle det også lønne seg.
Først fekk Steffen Kvalsund en sjanse på bakerste stolpe etter et frispark, men bomma på ballen. Så skulle det imidlertid kome et farlig angrep som skulle ende i utligning. Preben Hestad spelte fri Steffen på kanten, innlegget endte tilslutt hos Daniel Hatløy på den andre kanten før Gustav Pettersen skulle få ladda skuddbeinet.
Skuddet gjekk via en spelar og inn i mål, dermed fin jubel og 1-1.

(Bildet: Sola er på vei ned, og det er Bergsøy også om ikkje motgangen snur.)
-"Eg sto på telefonen og sa at stillinga var 1-1 då det var 4 minutt før slutt. Frå eg la på, til telefonen gjekk i lomma, så blei stillinga 1-4.
Idag syns eg synd på gutane."
(Arvid Kvalsund etter kampen..)
Tony Ristesund klemmer til då han får en pasning tilbake frå angriparen, og det halvveis gode treffet går inn ved stolperota. Deretter går det slag i slag, og minuttet etter er dommaren ikkje i tvil då han ser en hands inne i feltet. Straffesparket setter Pål Arne Aam flott heilt nede i det venstre hjørnet. Samme mann nikkar inn 4-1 kort tid etter idet Bergsøy sprekk totalt. Verdifulle poeng blei lagt igjen inne i Ørsta.
Ei slags oppsummering.
Det blir rart å seie at Bergsøy gjorde en god kamp når en samtidig ser at stillinga blei 4-1 til Ørsta, men slik var det.
Bergsøy gjorde en god kamp, men held desverre ikkje 90 minutt pluss tilleggstid. Det er vanskelig å sette fingeren på kva som skjer i sluttfasa, og kvifor det ser ut til å skje i kvar kamp.
Uansett var dette en sur kamp å tape etter å ha kjempa seg tilbake til 1-1 og hadde fin kontroll defansivt. Forsvaret spelte en god kamp, og kommunikasjonen spelarane imellom var god stort sett heile kampen om en då ser bort ifrå den eine episoda i 1.omgang.
Dommaren kom i fokus, men har sin rett i å ikkje dømme straffe til Bergsøy om han meinar keeper var først på ballen. Straffesparket til Ørsta var greit nok, sjølv om det var ballen som søkte hånda (ned langs kroppen) og ikkje omvendt.
Bergsøy må først og fremst tenke på sine egne prestasjonar, og ikkje kaste bort tid på å diskutere med dommaren.

(Bildet: Svein Haukås i diskusjon med dommaren etter nok et surt tap.)
| Spillere |
| Spiller | Posisjon | Terning | Mål | |
| Toni Sandanger | Keeper |
![]() | - | |
| Vegard Sævik | Høgre Back |
![]() | - | |
| Martin Molnberg | Midtstopper |
![]() | - | |
| Steffen Moltu | Midtstopper |
![]() | - | |
| Jørn Kvalsvik | Venstre Back |
![]() | - | |
| Daniel Hatløy | Høgre Ving |
![]() | - | |
| Kjetil Paulsen | Sentral Midtbane |
![]() | - | |
| Jonny Leikanger | Sentral Midtbane |
![]() | - | |
| Steffen Kvalsund | Venstre midtbane |
![]() | - | |
| Gustav Pettersen | Angripar |
![]() | - | |
| Preben Hestad | Angripar |
![]() | - | |
| Bytter |
| Spiller | Av banen | Spiller | På banen | |
| Jørn Kvalsvik |
| Thomas Voldsund |
| |
| Steffen Kvalsunv |
| Håvard Remøy |
|



"Walk on water? I know most people out there will be saying that instead of walking on it, I should have taken more of it with my drinks. They are absolutely right."




Spenninga
Underholdning
