5 poeng opp til Valder
MålaMykje rot, men noko bra. SpenningaDet blei litt spenning mot slutten UnderholdningIkkje alt for mykje finspel. TotaltNok et tap. |
: Gustav Pettersen, Kjetil Paulsen
: Daniel Hatløy, Toni Sandanger
:
xx tilskuarar
: Alf Furland, 
:
:
:
:
Fredag den 8.september 2006 på Ørsta Stadion.
Pre-match omtale.
Kvar kamp er å regne for en cupkamp i den posisjonen Bergsøy ligg i no, men desverre har Bergsøy kome inn i en dårlig stim.
Spelarane får naturlig nok mindre sjølvtillit for kvar kamp, og dette merkast nok også ute på bana. Mot Volda var Terje Teige og Magne Havnen tilbake i troppa, men ingen av dei starta kampen.
Laget som skulle starte denne kampen var det samme laget som starta mot Ørsta i sist helg.
Den første omgangen.
Den første omgangen var jamn og tett, men med Bergsøy litt vel defansivt. Dette førte til at det var Volda som hadde ballen mest, mens Bergsøy hadde
problem med å finne pasningsalternativ frammover på bana. Jobbinga uten ball var god, og Volda hadde problem med å kome til sjansar, men Bergsøyspelarane fekk ikkje like god uttelling med ball i beina.
Det blei litt for lette balltap til tider, og dermed hadde Bergsøy egentlig ikkje en einaste stor sjanse før pause. Men nokre av dei halvsjansane som kom kunne likevel ha ført til mål.
Daniel Hatløy var igjennom tidlig i omgangen, men prøvde å filme seg til straffe. Ei feilvurdering i en god situasjon, og fekk også gult kort av dommaren. Elles var det litt tilfeldig med sjansane.

(Bildet: Toni Sandanger måtte fortvilt sjå på at det ikkje gjekk som det skulle utpå kunstgraset.)
Den andre omgangen.
Det er ikkje uten grunn at Bergsøy ligg nederst på tabellen, og konsentrasjonssvikt er nok en del av skylda. Tidligare har det gjerne vore dei siste 10 minutta av den andre omgangen som har vore
avgjærande, men denne gongen skulle laget få svi tidlig etter sidebyttet. 2-3 minutt ut i omgangen blei det en skalleklæsj mellom Martin Molnberg og en Volda-spelar, og Volda fekk frispark på 20 meters avstand.
Bergsøy hadde god tid på å organisere seg, men klarte likevel ikkje å hindre at ballen gjekk rett igjennom muren og inn imål heilt nede ved stolpen. En amatørfeil av Bergsøy på det som egentlig var et dårlig frispark av Volda.
Og verre skulle det bli berre etpar minutt seinare når en høg ball blir slått inn i feltet. En god Jørn Kvalsvik tapte duellen mot en langt høgare spelar, og ballen hadde retning inn i det lengste hjørnet.
Der kom både to og tre voldaspelarar på løp for å putte ballen imål, noko dei sjølvsagt klarte. Om Bergsøy gjorde en amatørfeil ved det første målet så mistenker vi linjemann og dommar gjere en amatørfeil ved dette målet; målscorar burde heilt klart
blitt avvinka for offside. Så kjem da også nok et mål imot seinare, og Bergsøy ser ut til å tape seg nedover i divisjonane.

(Bildet: Stillinga var 0-3 da Jonny var aleine gjennom.)

(Bildet: Gustav Pettersen får ballen frå Steffen Moltu og skal snart sette inn 1-3.)
Ei slags oppsummering.
Det er liten vits i å klandre dommaren sjølv om det var enkelte situasjonar som var ganske så merkelig dømt. I 1.omgang blei blant anna Volda snytt for to soleklare cornerar.
2-0 målet var naturlig nok hardt å svelge, og Toni Sandanger fekk også gult kort for sine protestar. Likevel fekk vi iallfall sjå at BIL skulle få tildelt ei straffe denne gangen, og korrekt dømt var det også.
Sett under ett kan ikkje Bergsøy klage. Volda var bedre. Men det er ikkje det som er det sure eplet. Problemet er at Bergsøy ikkje klarer å prestere opp mot det nivået som en veit er mulig.
Spelarane jobbar, men blir kanskje slitne av å jobbe feil. Det er mykje å gå på når det gjeld samhandling, spessielt i den offansive delen av spelet.
Lagdelane er gjerne for langt ifrå kvarandre. Det er forskjellig som kanskje ikkje er så lett å sette fingeren på, men til konklusjon så ender Bergsøy nok en gang opp med 0 poeng.
Og Rollon vann, samt at Valder spelte uavgjort. Det har ikkje lukta så mykje nedrykk på mange år.
| Spillere |
| Spiller | Posisjon | Terning | Mål | |
| Toni Sandanger | Keeper |
![]() | - | |
| Vegard Sævik | Høgre Back |
![]() | - | |
| Martin Molnberg | Midtstopper |
![]() | - | |
| Steffen Moltu | Midtstopper |
![]() | - | |
| Jørn Kvalsvik | Venstre Back |
![]() | - | |
| Daniel Hatløy | Høgre Ving |
![]() | - | |
| Kjetil Paulsen | Sentral Midtbane |
![]() | - | |
| Jonny Leikanger | Sentral Midtbane |
![]() | - | |
| Steffen Kvalsund | Venstre midtbane |
![]() | - | |
| Gustav Pettersen | Angripar |
![]() | - | |
| Preben Hestad | Angripar |
![]() | - | |
| Bytter |
| Spiller | Av banen | Spiller | På banen | |
| Steffen Kvalsund |
| Bjørnar Gundersen |
| |
| Preben Hestad |
| Terje Teige |
| |
| Jonny Leikanger |
| Håvard Remøy |
|



"I wouldn't say I was the best manager in the business. But I was in the top one."




Måla
