Nytt knepent tap
MålaEt bra mål av heimelaget. SpenningaLite velspelt kamp UnderholdningLite av målsjansar. TotaltDårlig og kjedelig kamp. |
:
: Gustav Pettersen, Terje Teige
:
xx tilskuarar
: Alf Furland, 
:
:
: Bjørnar Gundersen debuterte frå start i en A-kamp.
:
Laurdag den 23.september 2006 på Sykkylven kunstgras.
Pre-match omtale.
Bergsøy var tabelljumbo mens Sykkylven låg på 4.plass på tabellen. Med siger ville heimelaget ha mulighet til å gå opp på 2.plassen på tabellen. Bergsøy kunne med siger passere Rollon på tabellen, noko som ville bety sikker plass om Skarbøvik skulle vinne
sine kvalifiseringskampar. Hos Bergsøy var Daniel Hatløy og Preben Hestad uaktuelle, Daniel ute på reise mens Preben blei skada tidligare i uka under trening.
Dette opna for start-debut for Bjørnar Gundersen sentralt på midtbana ilag med Jonny Leikanger, mens det nye spissparet blei Steffen Moltu og Gustav Pettersen.
Egzon Abazi og Kjetil Paulsen skulle starte på kvar sin kant, mens forsvaret var det samme som hadde spelt i det siste.
Den første omgangen.
Det var klart for et topplag mot et bunnlag på en solskinnsdag inne i Sykkylven. At kampen skulle gå på den ferske og
flotte kunstgrasbana skulle ikkje være en dempar på spelelysta, men en kraftig vind var likevel vanskelig for spelarane å håndtere.
Sjølve dekket burde være en fryd å spele på for dei fleste fotballspelarar, men kampen blir nok ikkje huska for å være av dei mest minnerike i åra frammover.
I tilsvarande møte ifjor gjekk kampen på det dåværande grasdekket på samme området i en kamp heimelaget vann 5-1. den gang var det
Curt Åge Hauge, Per Ståle Nykrem, Steffen Moltu og Kjetil Paulsen som danna forsvarslinja. Årets forsvarslinje med Vegard Sævik, Martin Molnberg, Terje Teige og Jørn Kvalsvik var ei tøffare nøtt å knekke for Sykkylven.

(Bildet: Bjørnar Gundersen og Egzon Abazi kjempar mot en seig (men teknisk god) venstreback hos Sykkylven.)

(Bildet: Martin Molnberg trakk seg ikkje i duellane, og vann dei fleste.)

(Bildet: Jonny Leikanger og Eivind Fet møttest til midbanekrig.)
Den andre omgangen.
Den andre omgangen var ikkje stort bedre eller verre enn den andre omgangen. Det var lite fikst spel, og det var lite av målsjansar.
Heimelaget var nærmare mål utover i omgangen enn det Bergsøy var, men Toni Sandanger fista ballen både over og til sides på to gode skudd.
Først like før slutt noterte vi at Bergsøy hadde et farlig skudd mot mål, og det var innbyttar Andre Lima som tok med seg ballen og fyrte av frå 16-18.meter hold.
Keeperen slo ballen over mål til corner, og idet Bergsøy slo corneren bak mål så var kampen over. Håvar Remøy kom også inn på bana den andre omgangen,
og hadde seg et fint drivløp på høgrekanten med påfølgande skudd, men keeperen følte seg ikkje trua. Innbyttar Steffen Kvalsund starta den 2.omgangen på venstrekanten men blei flytta opp som spiss et kvarter ut i omgangen
idet Steffen Moltu gjekk ned på flanken. Trekket var ikkje særlig vellykka, med to lave spelarar oppe på topp. Stort meir treng en ikkje å seie om den andre omgangen.

(Bildet: Bjørnar Gundersen hadde sin debut frå start i en A-kamp.)
Ei slags oppsummering.
Det var en skuffande kamp, og spessielt blei det skuffande frammover med Bergsøy. Dette er likevel ikkje nytt av året, idet det ofte har vore kriging eller tilfeldigheter som har ført til mange av Bergsøy sine mål.
Ikkje alle kampar og mål sjølvsagt, men denne gangen var det iallefall ikkje mykje mønster i det laget presterte offansivt.
Det er svært synd, iogmed at forsvaret no har "såtte seg fast" og stadig blir meir samspelte. Bjørnar Gundersen kom ifrå sin start-debut ganske bra, og har dei gode evnene til å være rolig med ball i beina samtidig som han
er aggressiv i det defansive arbeidet. No er det tre kampar igjen, og Bergsøy må vinne minst to av dei for å halde seg i divisjonen!

(Bildet: Det blei ingen poeng ned i lomma denne gangen.)
| Spillere |
| Spiller | Posisjon | Terning | Mål | |
| Toni Sandanger | Keeper |
![]() | - | |
| Vegard Sævik | Høgre Back |
![]() | - | |
| Martin Molnberg | Midtstopper |
![]() | - | |
| Terje Teige | Midtstopper |
![]() | - | |
| Jørn Kvalsvik | Venstre Back |
![]() | - | |
| Egzon Abazi | Høgre Ving |
![]() | - | |
| Bjørnar Gundersen | Sentral Midtbane |
![]() | - | |
| Jonny Leikanger | Sentral Midtbane |
![]() | - | |
| Kjetil Paulsen | Venstre midtbane |
![]() | - | |
| Gustav Pettersen | Angripar |
![]() | - | |
| Steffen Moltu | Angripar |
![]() | - | |
| Bytter |
| Spiller | Av banen | Spiller | På banen | |
| Egzon Abazi |
| Steffen Kvalsund |
| |
| Gustav Pettersen |
| Andre Lima |
| |
| Steffen Moltu |
| Håvar Remøy |
| |
| Ukjent spelar |
| Magne Havnen |
|



"A boys best friend is his mother."




Måla
Spenninga



